Breimstafettmedaljen

Breimstafettmedaljen vart oppretta og første gong utdelt i 1969. I statuttane for utdeling av heidersteiknet Breimstafett medaljen heiter det mellom anna. Breimstafettmedaljen er eit hedersteikn som skal tildelast til personar som aktivt og/eller administrativt har gjort ein særleg positiv innsats på og for Breimstafetten og helst også idrettslivet elles.

Heidersteiknet skal henge særs høgt, og det vil såleis berre vere eit fåtal personar som får utmerkinga. Ein skal ikkje binde utmerkinga til spesielle krav eller fastlåste normer, som tildømes eit visst tal startar i Breimstafetten, men slike personar vil naturleg nok få prioritering utan at kravet vert absolutt.

BREIMSTAFETTMEDALJEN 2023 ER TILDELT REIDAR MOLDESTAD

Friidretten sto sterkt i bygda på 1960- og 1970 talet då Reidar Moldestad voks opp. På den tida var det to idrettslag i bygda, Breim Idrettslag og Indre Breim Idrettslag. Reidar seier sjølv at friidretten fanga han tidleg. Med korte, men ganske raske føter, var det ikkje tilfeldig at sprint vart idretten for han. Og rask det var han, personleg rekord på 100 m er 11.4, sprunge på raudstubb på Sandane.

Årets vinnar av Breimstafettmedaljen har sjølvsagt delteke i Breimstafetten mange gonger. Han har her representert både Indre Breim Idrettslag og Gloppen Friidrettslag. I den aktive perioden har han og delteke på andre store stafettar i Naustdal, Veten, Olden, Hornindal, Jølster og Holmenkollen.

Ei rekkje oppgåver

Reidar har og prøvd seg som orienteringsløpar, men seier sjølv at denne karrieren var kort. Han har og, i godt vaksen alder, halde forma ved m.a. å sykle «Birken» 6 gonger og Bergen/Voss to gonger.

Både medan han var aktiv og etter at han gav seg som utøvar på midten av 1980-talet, har Reidar hatt ei mengde ulike oppgåver knytt til idretten. CV-en er så lang og femner over så mange grupper og oppgåver at det ikkje er mogleg å få med alt her. Mellom anna var han styremedlem både i friidrettsgruppa og hovudlaget i IBIL på 70-talet. Han var og med og skipa Breimsbygda Friidrettslag og var sjølvsagt den fyrste leiaren der i 1982-83. Reidar er i dag leiar i friidrettsgruppa – eit verv han har hatt sidan 2014. Ein konsekvens av det er at han i same periode også set i hovudstyret i BBIL. Innimellom og delvis parallelt med alt dette har han vore spinninginstruktør, nestleiar i sykkelgruppa og medlem i Idrettsrådet. Som om ikkje det var nok, har han vore med i det som er av hovudkomitear til dei store arrangementa på Byrkjelo Stadion.

Stadion ei leikegrind

Reidar skildrar Byrkjelo stadion som si «leikegrind». Her har han vore med på dugnader sidan 1970-talet. Han har i ein periode vore anleggsleiar både på Byrkjelo og dei andre anlegga til BBIL – og har sjølvsagt og vore funksjonær på dei fleste stemner, uansett storleik.

Ein skulle tru at Reidar hadde nok med dei meir administrative oppgåvene, men slik er det slett ikkje. Du finn han også i dag ofte i gymsalen på Byrkjelo der han tek ansvar for sirkeltreninga. Er han ikkje å sjå der kan du sjekke om han er på indre bane for å trene friidrett med dei unge i BBIL eller dei litt eldre i GFIL eller ei treningsgruppe frå andre lag i området.

I tillegg til alt som er nemnt over, har Reidar òg lagt ned ein innsats både i fotballgruppa og vektløftargruppa gjennom fleire år.

Reidar har tidlegare fått BBIL sin Eldsjelpris, Friidrettens Venner sin ærespris for Sogn og Fjordane og Friidrettsforbundet sin diplom for administrativt arbeid. Det er likevel plass til enno eit heidersteikn i heimen på Moldestad.

Breimstafettmedaljen har blitt tildelt:

  • 2023 Reidar Moldestad
  • 2022 Bjørn Per Sårheim
  • 2019 Olav Oddvin Egge
  • 2018 Magnar Holvik
  • 2017 Sparebanken Sogn og Fjordane
  • 2016 Asbjørn Gjerde
  • 2015 Oddfrid og Rune Osa
  • 2014 Kjell Steinset
  • 2013 Nils Ove Roset
  • 2012 Roger Aa Djupvik og Morten Aa Djupvik
  • 2011 Jostein Årdal
  • 2010 Inge Geir Sårheim
  • 2009 Gunnar Hole, Knut Lunde
  • 2008 Helge Hafsås
  • 2007 Odd-Bjørn Hjelmeset
  • 2006 Ingemar Sårheim
  • 2005 Jan Otto Aa
  • 2004 Jørund Årdal
  • 2003 Johnny Solheimsnes
  • 2002 Kjell Øygard
  • 2001 Gloppen Janitsjar
  • 1999 Magnus Willumsen
  • 1998 Reidar Knut Nyland
  • 1997 Arnfinn Grøneng
  • 1996 Dag Fosstvedt
  • 1995 Olav Lyslo
  • 1994 Odd Skrede
  • 1993 Svein Førde
  • 1992 Magne Tystad
  • 1991 Dagfinn Nyhammer
  • 1990 Arnfinn Seim
  • 1989 Hans Førde
  • 1988 Helge Brekke
  • 1987 Gunnar Hauge
  • 1986 Arnulf Aa
  • 1985 Else Karin Systad, Olav Fjærstad
  • 1984 Knut O. Øygard
  • 1983 Eivind Indrebø
  • 1982 Magntor Herstad
  • 1981 Håkon Fimland
  • 1980 Harald Klakegg
  • 1979 Håkon Lundestad
  • 1978 Berent Sandene, Brynjulf Skinlo, Håkon Rivedal
  • 1977 Samuel J. Førde, Sverre Førde
  • 1976 Inger Hjelmeset
  • 1975 Markvard Vik, Jonfinn Aske
  • 1974 Arne Erdal, Jørgen M. Holme, Dag Heggheim
  • 1973 Albert Bruland, Olav Sande
  • 1972 Jon Sårheim, Kåre Nes, Rasmus O. Flølo
  • 1971 Ola T Holme, Håkon Moldestad, Jostein Røyrvik
  • 1970 Asbjørn Hansen, Jostein Joleik, Einar Stokkebø
  • 1969 Karl Hove, Haldor Herstad, Anton G. Skarstein, Magne Stokkebø