Breimstafettmedaljen
Breimstafettmedaljen vart oppretta og første gong utdelt i 1969. I statuttane for utdeling av heidersteiknet Breimstafett medaljen heiter det mellom anna. Breimstafettmedaljen er eit hedersteikn som skal tildelast til personar som aktivt og/eller administrativt har gjort ein særleg positiv innsats på og for Breimstafetten og helst også idrettslivet elles.
Heidersteiknet skal henge særs høgt, og det vil såleis berre vere eit fåtal personar som får utmerkinga. Ein skal ikkje binde utmerkinga til spesielle krav eller fastlåste normer, som tildømes eit visst tal startar i Breimstafetten, men slike personar vil naturleg nok få prioritering utan at kravet vert absolutt.

Foto: Jostein Aardal
Breimstafettmedaljen 2026
Breimstafettmedaljen for 2026 går til Hans Petter Myklebust – ein allsidig friidrettsutøvar og ein trufast lagspelar som gjennom mange år har sett spor etter seg i friidrettsmiljøet i bygda.
Som aktiv utøvar markerte Hans Petter seg særleg i øvingar som 400 m hekk, 400 m og 800 m, med sterke personlege rekordar og deltaking i NM-finale på 400 m hekk. Han hevda seg også godt i tekniske øvingar som høgde og lengde, der han mellom anna hadde lagsrekord i høgde i Indre Breim IL. I tillegg var han med på sterke stafettlag for Breimsbygda, mellom anna med kretsrekord på 4 x 800 meter og vestlandsmeisterskap i 1000 m stafett.
Hans Petter har delteke mange gonger på Breimstafetten, både for Indre Breim og Breimsbygda, og har vore med å vinne stafetten.
Men innsatsen hans stoppar ikkje på bana. Han har vore formann i friidrettsgruppa i Breimsbygda, nestleiar i hovudkomiteen under NM i friidrett i 1999, og har i ei årrekkje bidrege som revisor i idrettslaget. I tillegg var han i mange år engasjert i lagsavisa Breimsbygda – ve og berre vel.
Gjennom alle desse åra har Hans Petter også stilt trufast opp på dugnad under små og store arrangement på Byrkjelo stadion. Dei siste åra har han saman med andre vore ein stødig og engasjert speaker under Breimstafetten.
Hans Petter er kanskje ikkje den som står fremst i rampelyset, men han er ein av dei som alltid seier ja når det trengst og er mogleg. Ein slik person er heilt avgjerande for eit levande idrettslag.
Med dette ønskjer vi å takke Hans Petter Myklebust for innsatsen – både som utøvar og i frivillig arbeid – og gratulerer han som ein verdig og velfortent mottakar av Breimstafettmedaljen med diplom.
Breimstafettmedaljen har blitt tildelt:
- 2026 Hans Petter Myklebust
- 2025 Thomas Mardal
- 2024 Eivind Øygard
- 2023 Reidar Moldestad
- 2022 Bjørn Per Sårheim
- 2019 Olav Oddvin Egge
- 2018 Magnar Holvik
- 2017 Sparebanken Sogn og Fjordane
- 2016 Asbjørn Gjerde
- 2015 Oddfrid og Rune Osa
- 2014 Kjell Steinset
- 2013 Nils Ove Roset
- 2012 Roger Aa Djupvik og Morten Aa Djupvik
- 2011 Jostein Årdal
- 2010 Inge Geir Sårheim
- 2009 Gunnar Hole, Knut Lunde
- 2008 Helge Hafsås
- 2007 Odd-Bjørn Hjelmeset
- 2006 Ingemar Sårheim
- 2005 Jan Otto Aa
- 2004 Jørund Årdal
- 2003 Johnny Solheimsnes
- 2002 Kjell Øygard
- 2001 Gloppen Janitsjar
- 1999 Magnus Willumsen
- 1998 Reidar Knut Nyland
- 1997 Arnfinn Grøneng
- 1996 Dag Fosstvedt
- 1995 Olav Lyslo
- 1994 Odd Skrede
- 1993 Svein Førde
- 1992 Magne Tystad
- 1991 Dagfinn Nyhammer
- 1990 Arnfinn Seim
- 1989 Hans Førde
- 1988 Helge Brekke
- 1987 Gunnar Hauge
- 1986 Arnulf Aa
- 1985 Else Karin Systad, Olav Fjærstad
- 1984 Knut O. Øygard
- 1983 Eivind Indrebø
- 1982 Magntor Herstad
- 1981 Håkon Fimland
- 1980 Harald Klakegg
- 1979 Håkon Lundestad
- 1978 Berent Sandene, Brynjulf Skinlo, Håkon Rivedal
- 1977 Samuel J. Førde, Sverre Førde
- 1976 Inger Hjelmeset
- 1975 Markvard Vik, Jonfinn Aske
- 1974 Arne Erdal, Jørgen M. Holme, Dag Heggheim
- 1973 Albert Bruland, Olav Sande
- 1972 Jon Sårheim, Kåre Nes, Rasmus O. Flølo
- 1971 Ola T Holme, Håkon Moldestad, Jostein Røyrvik
- 1970 Asbjørn Hansen, Jostein Joleik, Einar Stokkebø
- 1969 Karl Hove, Haldor Herstad, Anton G. Skarstein, Magne Stokkebø