Breimstafettmedaljen
Breimstafettmedaljen vart oppretta og første gong utdelt i 1969. I statuttane for utdeling av heidersteiknet Breimstafett medaljen heiter det mellom anna. Breimstafettmedaljen er eit hedersteikn som skal tildelast til personar som aktivt og/eller administrativt har gjort ein særleg positiv innsats på og for Breimstafetten og helst også idrettslivet elles.
Heidersteiknet skal henge særs høgt, og det vil såleis berre vere eit fåtal personar som får utmerkinga. Ein skal ikkje binde utmerkinga til spesielle krav eller fastlåste normer, som tildømes eit visst tal startar i Breimstafetten, men slike personar vil naturleg nok få prioritering utan at kravet vert absolutt.

BREIMSTAFETTMEDALJEN 2025 ER TILDELT THOMAS MARDAL
Årets vinnar av Breimstafettmedaljen er ein utøvar som framleis er aktiv, og som held eit høgt nivå både nasjonalt og internasjonalt. Sjølv om han kanskje ikkje har markert seg aller mest på sjølve Breimstafetten, har han delteke ei rekkje gonger – frå han kunne springe Konglerikestafett og fram til han som 14-åring leverte stafettpinnen i leiing etter første etappe på gutestafetten.
Vinnaren har vore ein svært allsidig utøvar og dreiv fram til 18-årsalderen med både løp, hopp og kast. Han er – og har vore – ein viktig ambassadør for idretten generelt og friidretten spesielt i Gloppen og Sogn og Fjordane. Trass fleire år utanfor Gloppen og i utlandet, representerer han framleis det lokale idrettslaget, og har synt kva som er mogleg å oppnå med målretta arbeid, lokal forankring og stor innsatsvilje.
Han har teke heile 15 gull i ungdomsmeisterskapen – i både løp, hopp og kast – og har sidan vunne fleire NM-gull både som junior og senior. I tillegg har han fleire internasjonale topplasseringar.
Frå 19-årsalderen satsa han for fullt på sleggekast. Framgangen var formidabel, og som 20-åring sette han ny krinsrekord i opningsstemnet på Loggane med eit kast på 66,70 meter. Den tidlegare krinsrekorden til Ove Farsund er sidan blitt forbetra med om lag 13,5 meter.
Under OL i Paris kasta han seg til finaleplass og enda på ein sterk 11. plass. Han er den første frå Sogn og Fjordane som har delteke i friidrett under OL sidan Kjellfred Weum sprang korthekk i Mexico i 1968 – og den første som har representert ein lokal friidrettsklubb frå Sogn og Fjordane i OL.
Årets vinnar har vist at stafett ikkje berre er for dei som driv med aktivt løp, eller har som mål å bli løparar på høgt nivå. Det er fullt mogleg å delta på stafett og faktisk og seinare delta i ein OL-finale i slegge. Kanskje er det faktisk ein fordel når ein er i sleggeringen at ein har vore allsidig og på lag med andre på ein tung etappe på Breimstafetten?
Med si imponerande reise frå Breimstafetten til OL-finale har årets vinnar av Breimstafettmedaljen verkeleg sett Gloppen og Sogn og Fjordane på det internasjonale friidrettskartet.
Ein verdig og velfortent mottakar av heidersteiknet Breimstafettmedaljen med diplom er Thomas Mardal
Breimstafettmedaljen har blitt tildelt:
- 2025 Thomas Mardal
- 2024 Eivind Øygard
- 2023 Reidar Moldestad
- 2022 Bjørn Per Sårheim
- 2019 Olav Oddvin Egge
- 2018 Magnar Holvik
- 2017 Sparebanken Sogn og Fjordane
- 2016 Asbjørn Gjerde
- 2015 Oddfrid og Rune Osa
- 2014 Kjell Steinset
- 2013 Nils Ove Roset
- 2012 Roger Aa Djupvik og Morten Aa Djupvik
- 2011 Jostein Årdal
- 2010 Inge Geir Sårheim
- 2009 Gunnar Hole, Knut Lunde
- 2008 Helge Hafsås
- 2007 Odd-Bjørn Hjelmeset
- 2006 Ingemar Sårheim
- 2005 Jan Otto Aa
- 2004 Jørund Årdal
- 2003 Johnny Solheimsnes
- 2002 Kjell Øygard
- 2001 Gloppen Janitsjar
- 1999 Magnus Willumsen
- 1998 Reidar Knut Nyland
- 1997 Arnfinn Grøneng
- 1996 Dag Fosstvedt
- 1995 Olav Lyslo
- 1994 Odd Skrede
- 1993 Svein Førde
- 1992 Magne Tystad
- 1991 Dagfinn Nyhammer
- 1990 Arnfinn Seim
- 1989 Hans Førde
- 1988 Helge Brekke
- 1987 Gunnar Hauge
- 1986 Arnulf Aa
- 1985 Else Karin Systad, Olav Fjærstad
- 1984 Knut O. Øygard
- 1983 Eivind Indrebø
- 1982 Magntor Herstad
- 1981 Håkon Fimland
- 1980 Harald Klakegg
- 1979 Håkon Lundestad
- 1978 Berent Sandene, Brynjulf Skinlo, Håkon Rivedal
- 1977 Samuel J. Førde, Sverre Førde
- 1976 Inger Hjelmeset
- 1975 Markvard Vik, Jonfinn Aske
- 1974 Arne Erdal, Jørgen M. Holme, Dag Heggheim
- 1973 Albert Bruland, Olav Sande
- 1972 Jon Sårheim, Kåre Nes, Rasmus O. Flølo
- 1971 Ola T Holme, Håkon Moldestad, Jostein Røyrvik
- 1970 Asbjørn Hansen, Jostein Joleik, Einar Stokkebø
- 1969 Karl Hove, Haldor Herstad, Anton G. Skarstein, Magne Stokkebø