Kongleriket Ministafett


Kongleriket Ministafett er ein skulestafett for 1. 2. 3. og 4. klasse under Breimstafetten. Dette er ein populær stafett og innsatsen til løparane er minst like stor som hos dei eldre løparane.  Vi inviterar med dette skulane til å delta på årets Breimstafett.

Etappar:
1. etappe: 40 meter bratt oppover.
2. etappe: 50 meter oppover/kupert.
3. etappe: 50 meter flatt.
4. etappe: 70 meter bratt nedover.
5. etappe: 60 meter flatt.

Kvar skule kan stille så mange lag dei vil, ein må prøve å ha jamn fordeling av jenter og gutar på laga. Vi ynskjer at det skal vere felles lag for klassane, men om det er behov for å mikse litt for å få kabalen til å gå opp er dette greitt. Det viktigaste er at alle som ynskjer får delta.

Det blir premie til alle som deltek. Det blir ikkje kravd startpengar, men alle må betale vanleg inngangsbillett (40 kr.). Lagsleiar går gratis, dette brevet gjeld som billett.

Vi oppfordrar lærarane til å bruke gymtimane og trene litt på stafett, særleg vekslingane slik at ungane er kjend med dette. Vi håpar klassekontaktane eller andre foreldre kan ta ansvar for å melde på lag samt å vere lagsleiar under sjølve stafetten. Kvart lag må minst ha ein voksen lagsleiar!

Vi oppfordrar samstundes lærarar og foreldre til å stille lag i opa klasse.

Send påmelding med navn på skule og klassesteg pr. e-post til: breimstafetten@breim.no